5. Mosebok 6,4–9 Herren er vår Gud

6 4 Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. 5 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt. 6 Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjartet ditt. 7 Du skal innprenta dei i borna dine og snakka om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. 8 Du skal binda dei om handa di som eit teikn og bera dei på panna som eit merke. 9 Du skal skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine

 

Andakt

Av Henny Koppen

Har du sett nokon som har eit slik armband nokon gong? Det kan stå forskjellige ting på armbandet, men eg meiner eitt der det står WWJD? Det er forkorting for ei setning på engelsk som lyder slik: What Would Jesus Do? Det betyr: Kva ville Jesus gjort? Poenget er at Jesus var snill mot alle. Men viss han såg at nokon vart mobba eller plaga var han veldig rask med å seie frå at det var gale. Han prøvde alltid å hjelpe den som andre oppførte seg dårleg mot. Og det er eigentleg det det betyr å elske Gud, at vi er snille mot kvarandre.

Det står altså i Bibelen, i teksten vi las, at vi skulle hugse på dette, ved å binde det om handa vår eller teikne det i panna. Har de sett barnedåp nokon gong? Eller vaksne som blir døypt? Presten teiknar alltid eit kors på den som skal døypast, startar på panna, teiknar nedover til brystet, og så frå skulder til skulder. Alle kan prøve å teikne på seg sjølv medan vi seier: I namnet åt Faderen (peikefinger og langfinger mot panna) og Sonen (ned til brystet) og den heilage Ande (til venstre skulder) Amen (til høgre skulder).

Mange gjer dette kvar gong dei kjem inn i ei kyrkje, eller når velsigninga blir lesen av presten på ei gudsteneste. Men dette kan vi gjere når som helst, når vi vil at Jesus skal vere hos oss. Og det treng vi av og til, viss vi er redde eller viss vi ser at vi treng hjelp til å gjere det rette.

 

Aktivitet

Vi kan lage armband med treperler. Då skriv vi ein bokstav på kvar av fire perler, WWJD. Vi kan og bruke teikna frå gitterkoden, men då på nynorsk KVJG eller bokmål HVJG. Gitterkoden har nemleg ikkje W. Det er nok best å bruke perler som ikkje er lakka, for at tusjstrekane skal feste. Det finst og firkanta treperler. Desse er nok lettare å skrive på.

 

 

Andaktsboka kan kjøpes i Speiderbutikken