For at helga skal bli best mogleg har vi planlagt mange aktivitetar. Vi startar helga med Davids leikestund for å bli kjende og få mange nye venner! På laurdagen blir det dansekurs i swing, for ein kan jo ikkje delta på ball utan å kunne danse, kan ein vel? I tillegg kan ein gå på fjelltur, reise i symjehallen og symje, utforske Stryn sentrum, eller dersom ein er villig til å investere litt ekstra, følgje ei av verdas brattaste pendelbane, Loen skylift 1011 moh. Når natta nærmar seg blir det tid for #Rovertrøtt, men kva som skjer då blir ei overrasking. Heile helga blir avslutta søndagen, då er det duka for gudsteneste. Som du kanskje ser blir dette ei helg spekka med moro!

Men no må vi ikkje gløyme det viktigaste, sjølve ballet. Laurdags kvelden er det inga kjære mor, då må finstasen på og dansestega vere ferdig innøvd. Tradisjonen tru startar vi med ei polonese, for og så nyte ein tre retters middag og eit ordentleg kakebord som du aldri har sett maken til. I tillegg blir det kanskje litt underhaldning også, pluss ein tale eller tre? Når vi  er nest så mett at vi trillar er det tid for dans. Swing og polka høyrer ein skikkeleg bygdefest med, men vi gler oss også til at du skal vise dei sjukaste dansemovesa dine!

No som du har fått høyrd litt meir om kva vi har planlagt for deg og rovergruppa di så håpar vi at de vil ta turen hit til Stryn. Vi har gleda oss kjempe mykje til å arrangere og gjere dette til ei kjempe kjekk oppleving. VI HAR SÅ LYST AT DU SKAL KOMME, OG VI GLEDA OSS ENORMT MYKJE!

 


 

Finn informasjon og meld deg på arrangementet her.