Dagsprogrammet var fullpakka med ulike kurs og kjekke aktivitetar. Eit av dei store høgdepunkta var eit besøk hos NRK. Her fekk me både ei historisk omvising og ein tur innom nokon av dei nyare TV- og radiostudioa. Det var veldig interessant å sjå korleis media i Noreg har utvikla seg til det me ser i dag.

— Eg lærte veldig mykje, også var det kjekt å få utfordre meg sjølv i høgdeparken, seier Maria (17), med eit stort smil om munnen.

Ved sida av står Signe Marie (14) og fortell; — Det har vore kjempe kjekt. Eg har lært kjempe mykje, også har eg fått meg kjempe fine minner og mange nye vennar, og eg gleda meg til å møte dei igjen på kommande leirar.

Det er ikkje alle som tenkjer på kor mykje sosiale media betyr for speidarforbundet, og kva pressearbeid som blir gjort. Dette har vi fått eit innblikk i og har sjølv blitt invitert til å engasjera oss, vera med på leirar og andre speidararrangement. Her kan vi være med på å både ta bilete, intervjue speidarar og skrive tekster til speidarbladet.

Kommunikasjonssamlinga har i alt vært veldig lærerik og kjempekjekk. Me anbefaler verkeleg alle mediainteresserte speidarar om å være med, uansett kva erfaring du har, og håper å få sjå mange nye ansikt til neste år.

 

 

 

Tekst: Frida Tillerli og Deborah Ognøy
Foto: Tomas Liberg Foshaugen og Sam Martol Søhol