Kajo, Finland

På den finske landsleiren, Kajo 2022, er det forventa rundt 15000 deltakarar. Leiren foregår 125 kilometer nord for Helsinki, og programmet er tilpassa speidarar frå 12 år og oppover. Leiren si engelske nettside er www.kajo2022.fi/en.
Tidspunkt: 15.-23. juli 2022.

Spejdernes Lejr, Danmark

Same dag som den finske leiren sluttar startar ein ny på Hedeland i Danmark. Spejdernes Lejr skal rette fokuset framover, med temaet “Fælles om fremtiden”. Dette er den største landsleiren i Norden, og det er forventa 40.000 deltakarar. Meir informasjon finn du på www.spejderneslejr.dk.
Tidspunkt: 23.-31. juli 2022.

Swedish Scout Jamboree, Sverige

Når du er ferdig på leir i Danmark har den svenske landsleiren allereie starta, men ta det med ro! Leiren er berre 1,5 times biltur unna, i Norra Åsum, heilt sør i Sverige. Hovudmålgruppa for programmet på leiren er speidarar mellom 10 og 18 år, og det skal handle om “drömmen om en hållbar värld”. Meir informasjon kan du finna på www.jamboree.se.
Tidspunkt: 30. juli-6. august 2022.

BdP National Jamboree, Tyskland

Dersom du ønskjer å reisa lenger sør kan du også delta på den tyske landsleiren, “BdP National Jamboree”, i München. Her kan du ta del i ein leir med 5000 andre speidarar, og oppleva tysk kultur ved å besøke ei tysk speidargruppe under landsleiren. Meir informasjon finn du på www.bundeslager.pfadfinden.de.
Tidspunkt: 29. juli - 8. august 2022.

Mova, Sveits

Eller kva med å delta på ein endå større leir i Sveits? På den Sveitsiske landsleiren “Mova” er det forventa 35 000 deltakarar som skal samlast på Goms Valley. Her deltek vi som ein samla kontingent frå Noreg, der blir vi delt inn i mindre patruljar som blir sett saman med ein patrulje frå Sveits, for best mogleg kulturutveksling. Meir informasjon finn du på www.mova.ch
Tidspunkt: 23. juli - 6. august 2022.

Kontakt og informasjon

Synest du noko av dette verkar spanande, men er usikker på korleis du går fram for å reisa på internasjonale speidararrangement? Ta kontakt med oss i Internasjonalt utvalg på e-post til internasjonalt@kmspeider.no. Vi kan hjelpa deg med å komma i kontakt med speidarar i utlandet, anten du vil reisa åleine eller om du vil reisa med heile troppen din. Dersom du planlegg ein utanlandstur med gruppa, må du gi beskjed til post@kmspeider.no

Vi gler oss til nye internasjonale aktivitetar i 2022 og håpar vi ser deg der!
 

Tekst: Ingvild Berge Conradsen og Anna Elise Pedersen