BESKRIVELSE AV MØTET

Tema for årets Verdstenkedag er "Vår verd, vår framtid", med fokus på fred og miljø. Gjennom aktivitetspakka frå WAGGGS står speidarar frå heile verda saman om å skape fred i eigne liv og i verda, men også om å ta vare på miljøet rundt oss. Vi har omsett og tilpassa nokre av aktivitetane de kan kan gjennomføre for å ta verdstenkedagmerket. Merket kan kjøpast i Speiderbutikken.

Les årets Verdstenkedagshelsing (kommer)

ÅPNING 

Den 22. februar kvart år feirar speidarar over heile verda “World Thinking Day”. Denne dagen er faktisk fødselsdagen til både Robert Baden-Powell, som er grunnleggaren av speidarbevegelsen, og kona hans, Olave Baden-Powell, som starta speiding for jenter. Temaet for verdstenkedagen i 2023 er “Our world, our peaceful future” og handlar om korleis vi kan finne inspirasjon i naturen til å skape fred i verda. 

Som speidarar er vi vane med å vere utandørs og vi lærer mykje om naturen. Både korleis vi kan bruke han og korleis vi skal ta vare på han. Dersom vi skal halde fram med å leve her på jorda, må vi passe på at ho ikkje blir øydelagt! Like viktig er det at vi menneske klarar å passe på kvarandre, også dei som er annleis enn oss og dei som lev i andre land enn oss. Det er mange menneske og speidarar som lev i land der det er krig og uro. Kan vi speidarar bruke det vi kjenner frå naturen til å skape ei meir fredfull verd?

AKTIVITET 1 - Settlers

Utstyr:

  • ein terning
  • åtte steinar
  • åtte blad
  • åtte pinnar

Sjølv om vi av og til gløymer det, er vi faktisk heilt avhengige av naturen rundt oss. Husa vi bur i er bygde av tre frå skogen, maten vi et kjem frå dyr og plantar, og datamaskinene og mobiltelefonane våre er faktisk laga av ting som på ein eller annan måte kjem frå naturen. Det er veldig ulik natur på ulike stadar i verda, og det er difor litt tilfeldig kven som har mykje og kven som har lite. På nokre stadar i verda kan naturen til og med vere litt farleg på grunn av naturkatastrofar. I denne leiken skal vi lære om korleis naturen både kan gi oss ting, og ta frå oss ting.

Tips: Før de starter, snakk gjerne litt om kva slags teknologi vi menneske treng for å leve, til dømes oppvarming, landbruksteknologi, medisin og så vidare.

Del speidarane i fire grupper med maks fire speidarar på kvar gruppe. Del dykk gjerne i to om de er fleire mange. Målet for kvar gruppe er å kunne bygge eit “samfunn”. For å bygge eit samfunn må de ha hus som menneska kan bu i, naturlege habitat som dyra kan bu i, og teknologi som menneska kan leve av. Steinane representerer hus til menneska, blada representerer habitat til dyra, og pinnane representerer teknologi. For å bygge eit samfunn må gruppa ha to av kvar ting. 

Legg alle steinane, blada og pinnane i ein haug. Gruppene sett seg rundt haugen. Spelet foregår ved at gruppene rullerer på å kaste ein terning som bestemmer kva dei får, eller må gjere. Under ser de kva dei ulike tala på terningen betyr:

  • 1 - gruppa får ein stein
  • 2 - gruppa får eit blad
  • 3 - gruppa får ein pinne
  • 4 - gruppa må byte ein ting (anten ein stein, eit blad eller ein pinne) med ei anna gruppe. Gruppa bestemmer sjølv kva dei vil bytte ut med kva og med kven.
  • 5 - lite jordskjelv. Gruppa gjer “jordskjelv-bevegelsen”. Bevegelsen finn de på sjølv i fellesskap før spelet startar.
  • 6 - stort jordskjelv. Gruppa mistar ein ting (anten ein stein, eit blad eller ein pinne) og alle gruppene gjer “jordskjelv-bevegelsen” saman. Gruppa vel sjølv kva for ein ting dei mistar.
     

AKTIVITET 2 - Naturbingo

Utstyr:

  • utskrift av bingobrett
  • blyantar
  • skogsområde

Spel naturbingo og snakk saman etterpå: Er det nokre av tinga på bingobrettet som heng litt saman? Eit frø kan til dømes bli til ein blomst eller eit tre. Mauren finn vi som oftast i nærleiken av eit bartre. Fuglane et av og til edderkoppar. Kva skjer om vi fjernar ein art frå naturen? Det er vanskeleg å vite, men truleg ville det påverka dei andre artane, og kanskje kolapsar heile økosystemet.

I naturen fins det mange artar som er veldig ulike, men likevel spelar alle ei rolle i system med andre artar. På same måte er vi menneske veldig ulike, men alle har likevel ein verdi, og vi har alle eigenskapar som kan brukast til nytte for andre.

AKTIVITET 3 - Global Challenge

Saman med speidarar over heile verda skal vi gå for ei betre verd. Fram til 22. april, datoen for “Earth Day”, skal heile speidargruppa registrere kor mange kilometer de går, og samle inn pengar til bistandsorganisasjonen vår KFUK-KFUM Global. Skaff sponsorar som vil gi ein sum per kilometer de går eller eit fast beløp. Sponsorane kan anten sponse heile speidargruppa eller ein enkelt speidar.

Spør gjerne lokale bedrifter og organisasjonar om dei vil sponse speidargruppa. Kontakt lokalavisa for synliggjering, og motivér speidarane ved å konkurrere mot ei anna speidargruppe eller mot kvarandre. Kanskje kan den som går lengst få ein premie? De kan sjølv velge om de berre vil registrere kilometrane de går saman som gruppe eller om kvar speidar skal registrere kor mykje dei går på eiga hand.

Sett opp Global Challenge på KFUK-KFUM Global si nettside eller last ned vårt enkle registreringsskjema og overfør pengane til KFUK-KFUM Global på eiganhand gjennom Vipps (573705) eller nettbank (3000 42 42420).
 

AVSLUTNING

Avslutt dagen med å reflektere rundt speiderløftet. Kva tre ting lover vi i speiderløftet? Har dette noko med fredsbygging å gjere?

Bokmål
«I tro på Guds hjelp, lover jeg: å tjene Gud, hjelpe andre og leve etter speiderloven»

Nynorsk
«I tru på Guds hjelp, lovar eg: å tene Gud, hjelpe andre og leve etter speidarlova»