Ifølge organisasjonsbestemmelsene §3.1.2 Landsting behandler Landsting: 

  • Saker sendt inn fra roverting og patruljeførerting.

Patruljeførerting ble holdt 14.–16. mars. Sakene som ble drøftet er videresendt til Landsstyret og forbundskontoret, og skal ikke behandles på Landsting. Dette er en orientering om sakene som ble løftet.

SAK 6.1 Tamponger og bind på tur


 

FORSLAGSSTILLER:
Patruljeførerting 2025

FORSLAG SOM BLE DRØFTET PÅ PATRULJEFØRERTING:
Som ein del av Noregs KFUK-KFUM-speidarar sitt inkluderingsarbeid, meiner Patruljeførerting at kvinnehelse skal få ein tydelegare plass i organisasjonen vår. Patruljeførerting ber difor organisasjonen jobbe for at det skal vere gratis bind og tampongar tilgjengeleg på alle speidarturar og -arrangement.

VEDTAK PÅ PATRULJEFØRERTING:
Patruljeførerting sender innspela til Landsting.

 

SAK 6.2 Speiderskjorte i varmt klima


 

FORSLAGSSTILLER:
Patruljeførerting 2025

FORSLAG SOM BLE DRØFTET PÅ PATRULJEFØRERTING:
På fjelltur om sommaren og på speidartur i utlandet kan det bli veldig varmt med ei tett og langerma speidarskjorte. Vi har lyst at det skal utforskast nye variantar av speidarskjorta som kan møte desse utfordringane, til dømes ved å innføre vidare ermer, ein knapp til å feste rullen på erma eller tynnare stoff på skjorta.

VEDTAK PÅ PATRULJEFØRERTING:
Patruljeførerting sender innspela til Landsstyret.

 

SAK 6.3 Aktivitetsmerker


 

FORSLAGSSTILLER:
Patruljeførerting 2025

FORSLAG SOM BLE DRØFTET PÅ PATRULJEFØRERTING:
Mange patruljeførarar opplever ofte å ha patruljemedlemmar som er rastlause og energiske, og ser behov for fleire aktivitetsmerker der ein kan få brukt energien sin, og samtidig lære noko nyttig. Patruljeførarting meiner at det i dag fins for mange «teoretiske» merker, og at det difor bør lagast fleire merker som er meir praktiske og fysiske.

VEDTAK PÅ PATRULJEFØRERTING:
Patruljeførerting sender innspela til forbundskontoret.

 

SAK 6.4 Kompetanseheving for psykososial helse


 

FORSLAGSSTILLER:
Patruljeførerting 2025

FORSLAG SOM BLE DRØFTET PÅ PATRULJEFØRERTING:
Som patruljeførar, stab, speidarleiar og medspeidar, står ein ofte i situasjonar der ein skal trygge og vise omsorg for ein speidar som har det vanskelig, for eksempel når nokon har heimlengsel eller ikkje trivst i gruppa. For mange kan ein slik situasjon kome brått på, og ein kan føle at ein ikkje har den kompetansen ein treng for å møte speidaren på ein god måte. Patruljeførarting ønskjer at organisasjonen skal jobbe for at alle speidarar, og spesielt patruljeførarar, skal få meir kompetanse på psykososial helse, slik at ein kan føle seg tryggare i slike situasjonar. Dette kan for eksempel gjerast gjennom eigne fysiske kurs, i det generelle speidarprogrammet, som eit aktivitetsmerke eller som ein del av patruljeførarkurs.*Psykososial helse = trivsel og trygghet i sosiale situasjoner*

VEDTAK PÅ PATRULJEFØRERTING:
Patruljeførerting sender innspela til Landsstyret og forbundskontoret.

 

Last ned Sak 6 Innkomne saker fra patruljeførerting (pdf)

Sak 6 oppdatert: 11.04.25