Nasjonalt studentspeidertreff
- Rovere (16-25 år),
- Ledere
Påmeldingsfrist 1.mars!
Om arrangementet
Slit du med å finne plass til speiding i student-tilværet? Saknar du den gode gamle rovertida? Då er dette arrangementet for deg!
Vi vil invitere alle roverar i studentalder til nasjonalt studentspeidartreff i Trondheim 21.-23. mars. Denne turen skal vere ei plattform for å møte og bli kjent med andre studentar og speidarar, få litt speidar-påfyll og komme seg ut av lesesalen! Vi inviterar studentspeidarlag og enkeltstudentspeidarar til Trondheim for sosialt friluftsliv-innhold, leik og moro. Det blir bl.a. tur til Higeråsen, 50-leiken, leirbål og brettspel!
Arrangementet vil ta stad på Vassfjellkapellet 15km utanfor Trondheim. Her er det senger, toalett og dusj. Det er også moglegheit for å sove utandørs dersom du har lyst til det.
Har du spørsmål? Ta kontakt med ingvild.berge@kmspeider.no
Alle aktiviteter i regi av Norges KFUK-KFUM-speidere er alkohol- og rusfrie tilbud.
Påmelding og betaling
Påmelding skjer gjennom Google skjema her:
Påmeldingsfristen er 1. mars. Avmeldingsfrist 15. mars.
Ved avmelding: ta kontakt med ingvild.berge@kmspeider.no
Deltakaravgift er 200kr for de som reiser langt.
For Trondheimsbaserte er deltakaravgiften 350kr. Dette dekker mat for hele helga.
Hør med din gruppe eller ditt studentspeiderlag om du kan få støtte.Avgiften betales til kontonummer 3000.16.88487 innen 15. mars
Merk innbetalingen med [Navn] + [Studentspeidertreff 25]Reise til og i Trondheim
Vi anbefalar å reise så billig og miljøvenleg som mogleg. Det er mange måtar å kome seg til Trondheim på. Vi anbefalar å ta tog eller buss til Trondheim S, eller til Heimdal stasjon.
Frå både Trondheim sentrum og Heimdal stasjon kan du ta buss 1 til Tillerterminalen, og deretter ta buss 72 mot Tiller-Klæbu til “Sjøla” busshaldeplass. Bruk appen AtB for å finne reiserute og kjøpe billett.
Frå Sjøla busshaldeplass/parkeringsplass er det ca 1 km å gå til Vassfjellkapellet. Vi ser på moglegheita for å ordne køyring.
Program
Fredag:
17:00 Oppmøte på Sjøla parkeringsplass / Sjøla busstopp
19:00 Middag
21:00 Blikjent-aktivitetar
22:00 FritidLaurdag:
09:00 Vekking
09:30 Frukost m/matpakkesmøring
11:30 Tur til Higeråsen
13:30 Tilbake frå tur / fritid
15:30 50-leiken
18:00 Middag
21:00 Leirbål
22:00 Fritid / kveldsmatSøndag:
09:00 Vekking
09:30 Frukost m/matpakkesmøring
10:30 Rydde, pakke, vaske
12:00 HeimreisePakkeliste
Dette må du ta med på studentspeidartreff:
- Laken
- Sovepose eller dyne
- Ullundertøy og ullsokkar
- Undertøy
- Innesko
- Toalettsaker og medisinar
- Regnbukse og regnjakke
- Hue og vottar
- Gode sko til å gå i skogen
- Sitteunderlag
- Mobil og mobilladar
Dette kan du ta med på studentspeidartreff om du vil og har:
- Speidarskjerf
- Leirbålskappe
- Brettspel
- Hovudlykt
- Handduk, sjampo og balsam (det er tilgang til dusj på leirstaden)
- Bordtennisracket og ball (det fins bordtennisbord på leirstaden)
Topp- og miniatyrbilde: Magnus Heltne