Andakt: Plass til alle?
- Vandrere (10-15 år),
- Rovere (16-25 år)
- Kort (0-30 min)
- Tro
BESKRIVELSE AV ANDAKTEN
På denne siden finner du beskrivelse av hvordan du kan gjennomføre andakten.
ANDAKT
av Odd Erling Vik Nordbrønd
Innleiing
Korleis er det i speidargruppa vår? Er det plass til alle? Det er i alle fall noko vi ønskjer. Men kva om nokon ikkje ser så bra? Eller har dårleg høyrsel, sit i rullestol, eller har andre utfordringar? Ein speidar er ein god ven, står det i speidarlova. Dette er eit godt mål å ha. Og så er det av og til ikkje så lett, likevel.
Vi gjer mykje likt, og vi kler oss kanskje ganske likt, men likevel er vi alle forskjellige Faktisk er kvar og ein av oss heilt unike personar. Berre sjå på kvarandre. Sjå på kvart ansikt. Sjå kor ulike vi er og tenk på at kvar finger har eit unikt fingertavrykk. Ingen er heilt lik deg. Du og eg er skapte forskjellige, og vi er fantastiske skapningar. Likevel høyrer vi til i eit fellesskap her i speidaren, og vi har plass til alle. Klarer vi å få det til?
No skal vi møte ein spesiell tekst frå Bibelen, frå 1. Korinter 12, 12-26:
Frå Bibelen
For liksom kroppen er éin, endå han har mange lemer, er alle lemene éin kropp, endå dei er mange. Slik er det med Kristus òg. For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin kropp, anten vi er jødar eller grekarar, slavar eller frie, og alle fekk vi éin Ande å drikka. For kroppen er heller ikkje éin lem, men mange. Om foten ville seia: «Fordi eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til kroppen», så høyrer han like fullt med til kroppen. Og om øyret ville seia: «Fordi eg ikkje er auge, høyrer eg ikkje med til kroppen», så høyrer det like fullt med til kroppen. Om heile kroppen var auge, kvar vart det då av høyrsla? Om alt var høyrsle, kvar vart det då av luktesansen? Men no har Gud gjeve kvar einskild lem sin plass på kroppen, så som han ville det. Om dei alle var éin lem, kvar vart det då av kroppen? Men no er det mange lemer, men berre éin kropp.
Auget kan ikkje seia til handa: «Eg treng deg ikkje», eller hovudet til føtene: «Eg har ikkje bruk for dykk». Tvert imot! Dei lemene på kroppen som synest vera veikast, kan vi ikkje vera utan. Og dei lemene på kroppen som vi tykkjer er verde mindre ære, dei viser vi heller større ære, og dei lemene som vi kjenner skam ved, kler vi endå meir sømeleg; dei andre lemene treng det ikkje. Men Gud har sett kroppen saman slik at det som manglar ære, heller får større ære, så det ikkje skal vera strid i kroppen, men at lemene skal ha same omsorg for kvarandre. For om ein lem lid, så lid alle dei andre med. Og om ein lem blir æra, gleder alle dei andre seg.
Tenk så flott. Eg har ein plass på denne kroppen, og det har du og. Kva kroppsdel det er, og kva oppgåver han har er ikkje lett å svare på. Men i eit fellesskap er vi ein heilskap – som ein kropp – og vi har forskjellige oppgåver. Slik vert vi både unike – og samstundes ein del av noko større. Paulus, som skreiv dette brevet til Korintarane, bruker dette bildet først og fremst om kyrkja og fellesskapet der. Men det er også fint å kunne bruke det om speidaren.
AKTIVITET: Løfte kvarandre
No skal vi gjere ei spennande oppgåve. Vi går saman omtrent sju i kvar gruppe. Det kan vere færre, men ikkje færre enn 5 og fleire i kvar gruppe. Ein legg seg på bakken, og han eller ho lukker augene. Så stiller resten av gruppa seg rundt denne personen. Så tek alle og løfter personen opp. Dette må gjerast ordentleg og roleg. Det skal vere ei øving på tryggleik i gruppa, så det må takast alvorleg. Ingen skal føle seg utrygge. Når personen, som framleis har augene igjen, er der oppe kan de gå litt forsiktig omkring. Ikkje så lenge, og ikkje så langt. Men nok til at det vert ei fin oppleving. Så kan de byta slik at alle dei som vil får prøve å kvile i dei andre sine hender.
Snakk litt saman om korleis dette var.
Refleksjon
Denne øvinga handlar om tryggleik slik vi vonar at alle skal ha det her i speidargruppa. Vidare kan det symbolisere at fellesskapet kan bere den som har det vanskeleg. Slik var det ikkje i øvinga, men nokre gonger kan ein vere lei seg eller utanfor. Til dømes om ein opplever at ein i familien er sjuk, at farmor nettopp er død – eller andre ting. Tenk då om miljøet i gruppa tek vare på den som kjenner det vanskeleg – og at dei andre ser at han eller ho treng å bli hugsa på!
Fader Vår på teiknspråk
Gå gjennom bøna og teikna først, og prøv deretter å følge bileta i roleg tempo i felles bøn.
Vi takker og ber
- Vi takker for at vi er gode nok som oss sjølv.
- Vi takker for at Gud er uendeleg glad i alle menneske.
- Vi ber om at alle skal få vite at dei er elska og gode nok som seg sjølv.
Foto: Håkon Johannes Slettevold