Les historia om Daniel i løvehola:
Etter Belsasar blei medaren Dareios konge. Han hadde tre menn under seg som hjalp med å styra riket. Daniel var ein av desse. Desse tre mennene hadde igjen under seg 120 menn som dei styrte.

Daniel var så flink at kongen tenkte på om han skulle setja han til å styra over heile riket. Dei andre mennene blei svartsjuke på Daniel sidan han var så flink. Dei prøvde å finna ut om Daniel gjorde noko galt. Men dei fann ingenting. Daniel gjorde alt rett. Det einaste var at han bad til Gud. Det var ikkje vanleg der, men heller ikkje ulovleg. Mennene fann difor ut at viss dei skulle øydeleggja for Daniel, måtte det ha med det at han trudde på Gud å gjera. Dei fôr til Dareios og foreslo for han at han skulle seia til folket sitt at alle i tretti dagar framover berre skulle be til Dareios og ingen andre gudar. På den tida hadde dei mange gudar. Og den som braut dette, skulle hivast i løvehola. Jo, Dareios syntest dette var eit godt forslag. Han skreiv dette ned og sa til folket sitt at no skulle dei berre tilbe han dei neste tretti dagane.

Då Daniel fekk vita deette, gjekk han rett til huset sitt og opp til den plassen der han pleidde å ba. Der sette han seg på kne og ba og priste Gud nett som han pleidde. Då kom desse mennene farande inn og såg dette. Dei gjekk rett til kongen og fortalde kva Daniel gjorde. Kongen blei ille til mote for han likte så godt Daniel. Han prøvde å tenka ut ein måte å redda Daniel på. Han tenkte og tenkte, man han fann ikkje ut nokon måte. Mennene kom att og forlangte at no måtte kongen halda ord og gjera som han hadde fastsett. Kongen fekk dei då til å henta Daniel. Dareios sa til Daniel at han verkeleg håpa at den guden som Daniel dyrka, ville hjelpa han. Så heiv dei Daniel i løvehola og la ein stein over opninga. Kongen og mennen forsegle opninga med segla sine sånn at ingen kunne opna hola utan at dei såg det.

Heile den natta fasta kongen. Han verken åt, drakk eller sov. Tidleg neste morgon skunda han seg bort til løvehola. Han ropte på Daniel og Daniel svarte han. Daniel fortalde at Gud hadde sendt engelen sin og lat att gapa på løvene sånn at dei ikkje hadde gjort han noko vondt. Daniel var heilt uskadd. Då blei Dareios veldig glad. Dei fekk Daniel opp av løvehola.. Etter dette skreiv kongen melding til alle i riket sitt om at dei skulle ha age for Gud.