Eg har ein yndlingsspeidaraktivitet når det er mørkaste hausten. Det er sniking. Det finst mange måtar å leike snikeleik på. Ein av dei er å snike seg fram til eit mål utan at nokon andre skal oppdage deg. Ingenting er så spennande som ein snikeleik ute i naturen langt frå kunstige lys, når du berre kan høyre svak susing frå trea. Krype seg sakte og stille framover i terrenget utan å bli merka. Høyrer du godt etter, ensar du kanskje ein annan speidar berre nokre meter bortanfor deg. Men du ser han ikkje, for det er så mørkt. Du må bruke hendene til å føle deg fram i terrenget. Var det ikkje ein sti her ein plass, som gjekk opp til dit målet er? Då hadde det vore greit med ei lykt som gav lys, slik at du såg kvar du eigentleg var. Det mørkaste som finst er ein slik overskya haustkveld. Når det er så mørkt, byrjar eg lett å tenke på kor viktig det er med lys. For dersom det ikkje fanst lys, så var jo var alt like mørkt som stummande mørke haustkveldar! Då ville det vore vanskeleg å orientere seg.

I Bibelen blir Jesus og Gud fleire stader samanlikna med lys. Til dømes står det i ein salme at ”ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys på min sti” (Salme 119,105). Eg trur det tyder at Gud og Jesus seier og gjer slike ting som vi skal høyre på. Dersom vi gjer det, ser vi kvar vi skal gå i livet. Jesus gjorde berre gode ting. Det er umogleg for oss å gjere det same. Men dersom vi les om korleis han levde livet, så kan det vere ei slags lykt, som lyser på stien vår. Då blir det lettare å gjere dei rette tinga.

Skrevet av Håvard Grønli