Lukas 7, 11-17 Sonen til enkja i Nain

7 11 Kort tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han. 12 Då han nærma seg byporten, vart ein død boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne. 13 Då Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa: «Gråt ikkje!» 14 Han gjekk borttil og la handa på båra. Då stansa dei som bar. Så sa han:

«Du unge mann, eg seier deg: Stå opp!» 15 Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans. 16 Då vart alle fylte av ærefrykt; dei lova Gud og sa:

«Ein stor profet har stige fram hos oss, og Gud har gjesta sitt folk.» 17 Dette ordet om han spreidde seg i heile Judea og landet omkring.

Andakt

Av Henny Koppen 

Her var det stot sorg og stor glede. Denne forteljinga er frå ei tid og frå eit land der damer måtte ha ein mann til å passe på seg. Og denne dama hadde mista mannen sin, og no var sonen også død. Kven skulle ta seg av henne?

Dei bar den døde til grava. Han låg ikkje i ei kiste, men på eit slags brett, og alle kunne sjå han. Akkurat då kom Jesus forbi. Han syntest frykteleg synd på dama som no var overlaten heilt til seg sjølv. Så Jesus gjekk berre bort til båra og sa til den døde guten: «Stå opp!»

Gjett om dette var til hjelp for mora? Ho fekk nesten livet sitt tilbake ho og! Jesus vekkjer ikkje opp døde no for tida. Men han synest framleis synd på den som har det vondt, og han vil trøste oss. Mange kan fortelje at dei får det betre når dei ber til Jesus, altså snakkar med han om det som er vondt. Men Jesus har og ein annan måte å gjere det på. Han ber oss om å trøste kvarandre. Når vi ser nokon som har det vondt skal vi hjelpe. Vi skal protestere når nokon blir mobba, vi skal vere venn med den som ikkje har andre, vi skal trøste når nokon græt. Ja, vi må vere litt tøffe skal vi klare det, men eg trur vi vil kjenne at det er bra viss vi gjer det. Det er bra for den vi hjelper, men vi blir glade av det sjølv og. Berre prøv!

BØN

Kjære Jesus.

Ver hos meg når eg er lei meg.

Hjelp meg å vere ein god venn for andre som har det vondt. Amen

 

Aktivitet

Dramatisering

Dramatiser forteljinga frå Bibelen, der to store fylgje møtest, og Jesus plutseleg ser den døde guten og mora hennar. Her kan de framstille både sorg og glede. 

Rollespel

Eit rollespel er ikkje planlagt med replikkar. Ein berre prøvar å leve seg inn i situasjonen og så ser ein kva som skjer. Dramatiser ein mobbesituasjon, der ei gruppe står for mob- binga og ei anna gruppe ser på. Kva skjer viss gruppa som ser på grip inn?

 

Andaktsboka kan kjøpes i Speiderbutikken