Andakt: Plass til alle?
- Oppdagere (6-7 år),
- Stifinnere (8-9 år)
- Kort (0-30 min)
- Tro
BESKRIVELSE AV ANDAKTEN
På denne siden finner du beskrivelse av hvordan du kan gjennomføre andakten.
ANDAKT
av Odd Erling Vik Nordbrønd
Innleiing
Korleis er det i speidargruppa vår? Er det plass til alle? Det er i alle fall noko vi ønskjer. Men kva om nokon ikkje ser så bra, har dårleg høyrsel, sit i rullestol, eller har andre utfordringar? Ein speidar er ein god ven, står det i speidarlova. Dette er eit godt mål å ha. Og så er det av og til ikkje så lett, likevel.
AKTIVITET
TIPS: De kan velja å anten gjere aktiviteten med syn, aktiviteten med høyrsel eller begge.
Syn: No kan to av speidarane få bind for augene, to andre skal føre dei «blinde» gjennom hindringar. Hindringane kan vere resten av gruppa, eller kanskje nokre trappetrinn, eller gjennom ein skog. Gjer dette ei stund, så byter de på rollene slik at alle får prøve å vere blind. Snakk om korleis de opplevde dette. Så kan de tenke på korleis det er for ein person å vere svaksynt.
Høyrsel: No kan nokon andre få øyreklokker eller eit sjal for øyrene. Så fortel leiaren ei historie. Korleis var det for dykk med «dårleg høyrsel» å få med seg det som vart sagt? Slik kan det vere for ein som har dårleg høyrsel. Kva kan vi gjere her i gruppa slik at alle kan synest det er flott å vere speidar?
Frå Bibelen
I Johannesevangeliet (9,1-7) er det ei forteljing om kva som skjedde då Jesus møtte ein mann som var fødd blind:
Då Jesus kom gåande, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd. Læresveinane spurde: «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?» Jesus svara: «Verken han eller foreldra hans har synda. Men no kan Guds gjerningar bli openberra på han. Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida. Så lenge eg er i verda, er eg lyset i verda.» Då han hadde sagt det, spytta han på jorda og laga til litt leire av spyttet og smurde på auga til mannen. Så sa han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen!» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå.
Denne mannen hadde alltid vore blind. Han kjende ikkje til noko anna. Truleg sat han ved vegen og tigga for å få mat eller pengar. Det var slik han kunne overleve. No møtte han Jesus og brått vart han sjåande. For ei endring! Og vi såg at det at han var blind ikkje var nokon si skuld sjølv om det var nokon som tenkte slik. No kunne også han få seg arbeid, han kunne sjå dei andre – og han vart lettare med i fellesskapet i byen.
Dette skjedde på Jesu tid, og slikt høyrer vi ikkje om i dag. Det viktigaste er at den blinde kunne bli ein del av fellesskapet, og slik kan vi tenke også i speidaren. At her kan alle vere med, og her kan alle vere vener.
Fader Vår på teiknspråk
Gå gjennom bøna og teikna først. Prøv å gå sakte gjennom bøna og følge bilda.
Vi takker og ber
- Vi takker for at vi er gode nok som vi er.
- Vi takker for at Gud er uendeleg glad i alle menneske.
- Vi ber om at alle skal få vite at dei er elska og gode nok som seg sjølv.
Foto: Mads Ankarstrand