Markus 4, 30– 34 Guds rike er som sennepsfrøet

4 30 Han sa: «Hva skal vi sammenligne Guds rike med? Hvilken lignelse skal vi bruke? 31 Det er som sennepsfrøet. Når det legges i jorden, er det mindre enn noe annet frø i verden, 32 men når det er sådd, vokser det opp og blir større enn alle andre hagevekster og får så store grener at fuglene under himmelen kan bygge rede i skyg- gen mellom dem.»

33 Med mange slike lignelser forkynte han Ordet for dem, så mye de var i stand til å høre. 34 Uten lignelser talte han ikke til dem. Men når han var alene med disiplene, forklarte han alt for dem.

Andakt

Av Annlaug Halvorsen Engmark

Alt sennepstreet treng for å veksa er i eit lite frø. Jesus brukte alltid kjende eksemplar når han skulle fortelje og undervisa om guds rike. Sennepsfrøet var det minste frøet folket i israel kjende til på den tida. Eit utruleg lite frø som har ibuande krefter til å veksa seg stort. Dessutan var det så villig til å veksa og fuglane likte å sitta i det.

Alle menneske har starta sin utvikling på same måte. To små celler som smelta saman og har alt i seg som eit menneske treng for å veksa og utvikla seg. I denne teksten talar jesus om kva guds rike kan samanliknast med. Første gong me høyrer om gud, er det som om eit lite frø vert sådd i oss. Det er som lysta til å læra og høyra meir veks. Så kan me kjenne på ei gleda ved å oppsøkja stadar der guds ord vert forkynt. I bibelen kan me lesa og læra meir. Eit slikt lite «guds­frø» kan utvikla seg til at de blir den som sår frø hos andre. Slik veks det kristne fellesskapet. Jesus lærde oss at me skulle møtast og få næring til livet vårt. Difor er det fint å samlast rundt nattverdbordet, verta minna på at det er jesus som har kalla oss til å vera eit vitne for gud og at me er med i ei verdsvid kyrkje.

Bøn

Takk, gud, for at du sådde eit lite frø av tru i oss då me vart døypte. Lær oss til å ta vare på denne vesle spira.

Hjelp oss slik at frøet kan få utvikla seg og at me kan få læra meir om deg.

Takk for at me kan få læra om deg og vera med på å skapa eit godt kristent fellesskap der det er plass til fleire.

Amen

Aktivitet

Frø

Så små frø på eit møte og sjå korleis dei har utvikla seg til neste møte. Du kan så erter fordi på dei er det lett å sjå når den første spira kjem. Sjølv om sennepsfrøet er lite, startar det på same måte.

 

Andaktsboka kan kjøpes i Speiderbutikken