Lukas 10, 38– 42 Jesus hos Marta og Maria

10 38 Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han i heimen sin. 39 Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. 40 Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» 41 Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. 42 Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»

Andakt

Av Henny Koppen

Av og til, når mange born er samla og det er mykje ståk, hender det at ein vaksen grip inn og seier: Nei, no leikar vi stilleleiken! Då gjeld det å sitje musestille og ikkje seie eit ord. Den fyrste som lagar lyd, har tapt. Det kan virke som ein morosam leik, men er vel sett i scene for at det skal bli litt ro i heimen, tenkjer eg. Men viss vi lyttar når det er stille, kan vi eigentleg høyre mange, interessante lydar, og vi kan få litt fred til å filosofere og tenkje. Den læraren eg hadde i barneskulen, lærte oss fugle­ lydar. Så tok han oss med ut i skogen, let oss sitje under kvart vårt tre, heilt stille, og merke oss kva fuglar vi kunne høyre. Og det var mange!

Det er ikkje alle som bur slik at dei kan setje seg ute i skogen under eit tre når som helst. Men alle kan sitje stille utan å gjere noko, utan å snakke, og då får ein kanskje tenkt nye tankar. Berre prøv.

Når Jesus er på besøk hos Marta og Maria tippar eg han gleda seg til god mat. Og han ville heilt sikkert at Marta skulle dekke bordet og gjere det koseleg heime. Men han syntest likevel ikkje at Maria skulle ha skjenn fordi ho høyrde på han. Og han forklarte: Det er viktig å vere stille av og til, lytte og tenkje.

Den som vil vere kristen treng ikkje stresse for å få det til. Det er nok å vere litt saman med Jesus, gå til nattverd, for eksempel, eller høyre etter når det er an­ dakt i speidaren. Kanskje kan du lese litt i Bibelen, for eksempel i Lukasevangeliet, som denne forteljinga er henta frå, eller du kan be til Jesus, som eigentleg er å snakke med han om det som er viktig for deg.

Det er ikkje dumt å vere stille av og til, og det er ikkje dumt å vere litt saman med Jesus i ro og fred. Det gjer berre godt og det hjelper oss å tru. Så kan vi lage mat, ete og vaske opp seinare.

Aktivitet

Fire ord i øyret
Her er det to som går rundt i ringen og kviskrar til kvar enkelt. Den første seier: Du var komen til (det kan vere ein by, eit land til eit kjent monument, heim til ei venninne eller noko anna). Den andre seier: Der møtte du (det kan vere kven som helst av levande eller døde, eventyrskikkelsar eller fantasifigurar). I neste runde seier den første: Av henne (han) fekk du (det kan og vere kva som helst tenkjeleg eller utenkjeleg som ein kan få i gåve). Og den andre seier til slutt: Det skulle du bruke til (kva som helst…)

Til slutt fortel alle kva dei har fått vite. Det kan til dømes bli slik: Eg var komen til København, der møtte eg Mikke Mus. Av han fekk eg ein radio og den skulle eg bruke til oppvaskmiddel. Det gjeld altså å høyre etter og hugse alle fire stikkorda.

 

Andaktsboka kan kjøpes i Speiderbutikken